Herlige Hjelmeland

Lytt til oss

Om podkasten

Morten Hetland og Roger Sjursen har laga podkast saman sidan desember 2020. Då starta dei den politiske podkasten «Er du heilt grøn?», som blei spelt inn i 34 episodar før den blei lagt på is.

I januar 2024 starta radarparet opp med ein flunkande ny podkast – «Herlige Hjelmeland» – der dei går i djupna på samfunnsliv, næringsliv og kvardagsliv i Hjelmeland kommune i Ryfylke. 

Vertane

Roger Sjursen

Roger er ein kreativ og ekstrovert '73-modell frå Sandnes, som er oppvaksen i Stavanger, og har vore busett i Hjelmeland i over 20 år. Roger har utdanning innan sosialt arbeid, og jobbar til dagleg i barneverntenesta i Hjelmeland. Han er glad i å møta folk, noko som er ei viktig drivkraft bak podkast-arbeidet.

Morten Hetland

Morten er meir organisatorisk enn kreativ, og definerer seg sjølv om ambivert. Han er noko yngre enn Roger – '89-modell – og vaskeekte hjelmelandsbu. Til dagleg jobbar Morten som lærar og rådgjevar for skuleutvikling i Hjelmeland, men han har òg mange års erfaring som journalist, forleggar og produsent.